Ein lys og delikat tråd med ein sval mintblå tone. Mint Ice passar perfekt til lyse stoff, vårlege prosjekt og quiltar i blå, grønne og kvite nyansar. Den diskrete fargen gjer at saumane glir fint inn i arbeidet utan å ta merksemda frå stoffet.
Aurifil 50 wt er laga av 100 % egyptisk bomull og er kjend for den jamne kvaliteten og den nesten lofrie tråden. Den eignar seg like godt til piecing som quilting og er ein favoritt blant quilteentusiastar over heile verda.
🪡 100 % egyptisk bomull
🪡 50 wt – perfekt til piecing og quilting
🪡 1300 meter på spolen
🪡 Passar dei fleste symaskiner og handsaum