Ei fargerik pakke med mange moglegheiter! Elizabeth’s Favorites byr på einsfarga Bella Solids i eit fint spenn frå mjuke fersken- og rosatonar til gult, grønt, blått og turkis. Det grå Spotted-stoffet har eit diskret prikkete uttrykk og gir ein roleg bakgrunn som får fargane til å lyse.
Pakken inneheld:
🟡 Éin pakke Bella Solids Elizabeth’s Favorites Mini Charms, med ferdigskorne ruter på 2,5 × 2,5 inch, ca. 6,4 × 6,4 cm.
⚪ 50 cm grått Spotted-stoff.
Sy små bordbrikker, pungar, nåleputer eller eit lite lappeteppe. Eit fint og enkelt forslag er å bruke dei fargerike bitane og det grå stoffet i annakvar rute – då får du eit koseleg sjakkbrettmønster! 🩷 Klikk under bildet for forslag til kva du kan sy.