Ein nydeleg stoffpakke frå Fableism Supply Co, med 9 harmoniske stoff i varme, jordnære fargar. Her finn du mjuke nyansar av sand, krem, gyllengult, rust og dus rosa. 🍁
Fableism er kjent for sine vakre, vevde bomullsstoff med naturlege fargar og ein herleg tekstur. Stoffa er laga i 100 % bomull og har eit tidlaust, rustikt uttrykk.
Perfekte til lune quilteteppe, puter, vesker og andre små og store syprosjekt. 🧵💚
Ein stoffpakke som gir både varme og ro – og masse syglede! 🥰