Små roser, tette blomsterdryss og fine striper gir denne stoffpakken eit lunt, litt nostalgisk preg 🌸
Støva rosa, rust og varme bruntonar går igjen i pakken, medan petrolblått gir ein frisk kontrast. Dei einsfarga stoffa gir blomsterstoffa rom til å komme fram.
Du får 12 ulike stoff. Fine å sette saman i eit lappeteppe, ein løpar eller små syprosjekt 💚