Kornaks

Ligger i handlekurven
  • Merke: AnnAKa
  • Antall på lager: 12 stk
  • Premiere 16. september 2026!

    Kornaks er ein enkel og effektfull løpar med ei dekorativ rekke av små kvadrat som slyngjer seg gjennom midten – nesten som eit vaiande kornaks. 🌾

    Mønsteret kan få heilt forskjellig uttrykk etter kva stoff du vel. Sy han i varme okergule og lyse tonar for ein lun haustløpar, eller vel mørk botn og små fargerike stoffbitar for eit meir moderne uttrykk. Dette er også eit supert prosjekt for små, fine stoffrestar du har lyst til å vise fram. 🧵✨

    Mønsteret inneheld materialliste til to variantar. Til éin løpar treng du mellom anna:

    💚 60 cm stoff til midtfelt og rammer 💚 20 cm stoff til rammene i endane 💚 20 cm stoff til lukkekant 💚 Små stoffbitar til kvadrata – den fleirfarga varianten brukar 22 ulike kvadrat på 8 × 8 cm 💚 Bordfilt og bakstykkestoff

    Dei to viste løparane har bordfilt og bakstykke på cirka 40 × 125 cm og 40 × 105 cm.

    Eit kjekt mønster som passar like godt til haustbordet som til gåver – og ein flott måte å bruke små favorittbitar frå stoffsamlinga på! 🌾🤎

  • Pris per stk: 179.00 NOK

Desiree foreslår: