Outdoors – quilt med skog og dyreliv

Ligger i handlekurven
  • Merke: Elizabeth Hartmann
  • Antall på lager: 1 stk
  • Ta med deg den gode kjensla av skog, fjell og friluftsliv inn på syrommet! Outdoors er eit stemningsfullt quiltemønster av Elizabeth Hartman, fylt med bjørnar, hjortar, kaninar, fuglar, gran­tre, fjelltoppar og sopp. 🍄🐦

    Dette mønsteret passar heilt perfekt til dei nye, naturinspirerte stoffa vi har jobba med i dag. Dei lune fargane og dei små motiva vil gi teppet eit leikent og koseleg uttrykk – her kan du verkeleg boltre deg i fine fargar og stoffkombinasjonar! 🧵💚

    Teppet blir sydd med vanleg lappeteknikk, utan papirsaum eller applikasjon. Mønsteret inneheld ein del små delar og passar best for deg som har sydd litt frå før – eller som likar eit kjekt prosjekt med mange detaljar.

    Du kan velje mellom to storleikar:

    🟢 Lite teppe: ca. 40 × 40 inch 🟢 Stort teppe: ca. 80 × 80 inch

    Mønsteret er på engelsk og måla er oppgitt i inch.

    Sjå bildet under mønsterbildet for full oversikt over stoffmengder og det du treng til dei to storleikane. 🌲✨

  • Pris per stk: 498.00 NOK