Rutevev er eit flott og leikent quiltemønster frå norske Scandiquilts. Enkle ruter blir sette saman til eit spennande geometrisk mønster der fine stjerneformer kjem fram mellom rutene.
Her kan du verkeleg leike deg med fargar! ⭐ For at stjernemotivet skal kome tydeleg fram, anbefaler designeren god lys/mørk-kontrast mellom stoff 2, som dannar bakgrunnen, og stoff 3, som dannar stjernespissane.
Vanskegrad: Nybegynnar
Mønsteret inneheld framgangsmåte og stoffberekning til fire storleikar:
Babyteppe: 107 × 107 cm
Pledd: 178 × 178 cm
Enkeltseng: 178 × 249 cm
Stor seng: 249 × 249 cm
Dette er eit mønster som passar godt for deg som er ny innan lappeteknikk, men også for den erfarne som ønsker eit avslappande syprosjekt med mange moglegheiter for å kombinere favorittstoff og fargar. 💗💛🤎
Vel fire stoff som spelar fint saman, skap god kontrast – og sjå korleis stjernene veks fram etter kvart som blokkene blir sette saman.
Designer: Helene Moe Slinning / Scandiquilts