– Cathe Holden
Ei lita stoffpakke med smak av sjø, sommar og strandliv! Saltwater frå Cathe Holden byr på skjell, sjøstjerner, seglbåtar og nostalgiske motiv i havblått, turkis og sandfargar, med små innslag av korall og oransje.
Dette får du i pakken:
🔹 Éin pakke Saltwater Mini Charms – ferdigskorne stoffruter på 2,5 × 2,5 inch, ca. 6,4 × 6,4 cm.
🔹 50 cm stoff som du kan kombinere med rutene i syprosjektet ditt.
Dei små rutene er fine til mellom anna pungar, nåleputer, bordbrikker og små lappeteppe. Med ferdigskorne ruter er det lett å kome i gang med eit koseleg prosjekt! 🩵 Klikk under bildet for å få eit inntrykk av korleis det kan sjå ut i eit miniteppe.