Syflokken til Desiree

Ligger i handlekurven
  • Merke: Desiree
  • Antall på lager: 9 stk
  • 💚 Bli med i Syflokken til Desiree 💚

    Har du lyst til å bli ein del av eit kjekt, sosialt og inspirerande syfellesskap? 🧵✂️

    I Syflokken samlast vi rundt det vi er så glade i – lappeteknikk, stoff, fargar og sygleda. Her syr vi, inspirerer kvarandre, deler idear og kosar oss saman. Det skal vere ein stad der du kan hente inspirasjon, lære noko nytt og kjenne at du er ein del av ein skikkeleg kjekk sygjeng. 💚

    🧵 Som medlem i Syflokken får du blant anna:

    🌿 Direktesendingar tre gonger i veka Vanlegvis møtest vi kl. 18.00 på ettermiddagen, eller kl. 09.00 laurdag formiddag. Her syr eg, viser prosjekt, deler tips og idear – og ikkje minst kosar vi oss saman.

    ✂️ Samsyingar og prosjekt Innimellom finn vi prosjekt vi kan sy saman. Du bestemmer sjølvsagt sjølv kor mykje du vil vere med på – Syflokken skal vere kos, ikkje stress.

    🎉 Kjekke arrangement Vi har ulike arrangement og aktivitetar gjennom året, både for inspirasjon, læring og det sosiale.

    💚 Eit sosialt fellesskap Syflokken handlar ikkje berre om kva vi syr. Det handlar også om menneska rundt symaskinene. Her er det rom for både nybegynnarar og dei som har sydd i mange år.

    Slik melder du deg inn

    Klikk på Bestill og vel giro som betalingsmåte.

    Når eg ser at du har meldt deg på, tek eg kontakt med deg og hjelper deg vidare. Du skal ikkje betale pakkegebyret som kjem opp i nettbutikken – det ordnar vi når vi kjem så langt. 😊

    Prisen er per månad, og det er ingen bindingstid.

    Du kan vere med så lenge du har lyst, og dersom du ønskjer å melde deg ut, er oppsiginga umiddelbar.

    🪡💚 Velkommen inn i Syflokken – eit kjekt fellesskap der vi syr, lærer, inspirerer kvarandre og kosar oss saman!

  • Pris per stk: 198.00 NOK

Desiree foreslår: