Eit naturtru stoff med struktur som grov og vêrmerkt trebark. Fargane går frå varm brun og rustbrun til mørk sjokolade, med lysare parti som gir mønsteret flott djupne og liv 🤎🌳
Perfekt til skogsmotiv, dyr, hytter, landskap og naturinspirerte lappeteppe. Det er også supert når du treng eit stoff som verkeleg skal sjå ut som ein trestamme eller bark.