Fem stoff i rosa, turkis, lysegrått og varm sandbeige. Det lysegrå stoffet har små, kvite blomster, og dei to turkise stoffa gir pakken eit friskt løft med prikkar og små kobberfarga spettar. Det rosa stoffet har eit mjukt akvarellpreg.
Eg ville gjerne brukt desse saman i ein vårløpar, ei lita veske eller eit lappeteppe. 💚