Søstre for søstre er ein stiftelse som vart etablert 30. januar 2015.
Eg satt på syrommet mitt og sydde – svigerinna mi Lene – som er daglig leder ved Krisesenteret i Bergen – låg på gjestesenga og vi småprata. Det var dagen før bursdagen min. Da slo ideen ned i meg. Kva med å sy toalettmapper – fylle dei med innhald – og donere til krisesenter?
Lene var positiv og først tenkte vi Bergen Krisesenter. Det gjekk ikkje lang tid før eg fekk henvendelsar fra heile landet – alle ville hjelpe sine lokale senter.
Pr 31. Januar 2018 har vi levert bortimot 3000 toalettmapper. Nokre er levert fra meg til senter – og mange er levert fra quiltelag til lokale senter.
Til deg som vil støtte prosjektet - her er ulike måter å hjelpe på;
Du kan sy ei toalettmappe - sende den til meg på add:
For deg som ikkje har mulighet til å sy så kan du sette inn 200 kr på konto 1254 62 388 98.
Når prosjektet vaks og vart stort så var det fleire mønsterdesignere so var positive til å støtte det. AnnAKa designa Annas Toalettmapper, Bente Malm designa Bentes Toalettmappe, RyumQuilt designa Fru Olsens Toalettmappe og også Punger og Pennal - og også Wigdis Viktorsdatter Ødeby laga ei toalettmappe som heitte Olive. Dette har vore til stor hjelp når vi skulle samle inn toalettmapper.
Bli gjerne medlem av Søstre for søstre på Facebook.